Hallingdal Folkehøgskule årbok 2001

Jubileumsstemne med tre årskull

Av Hallvor Lilleslett
 
25. -27. mai var det stort jubileumsstemne på Skaga. For fyrste gong
samla ein også 40-års jubilantar; som saman med 25- års og 10-års jubilantar sette kvarandre i stemne.

Mange kom fredag kveld, samla til drøs og mimring. Laurdag opna stemnet med festmiddag i gymnastikksalen, med om lag 110 personar til bords. I tillegg til tidlegare elevar, var det også møtt fram nokre av dei tidlegare lærarane. 25-års jubilantane hadde mobilisert godt, også sine tidlegare lærarar. Dei hadde m.a. morgongsamling og anna program føremiddagen.
 
Det var allsong og taler under bordsete. Frå førti års jubilantane var det helsing og taler frå Odd Skarsgard, Anna Kristin Granum og Bjarne Lome. Frå 25 års jubilantane helsa Odd Magne Bakken. Torunn Rustad helsa frå 10-års jubilantane. Ingebjørg Flaget, no pensjonist, men lærar ved Skaga sidan 1959, og såleis den av dei tilsette som har arbeidd med alle tre jubileumskulla hadde også ordet. Henning Nielsen, 25 årsjubilant, gjorde seg til talsmann for forsamlinga, og takka for maten.
 
Etter bordseta ver det tid for meir mimring, og dei ulike jubilantkulla samla seg i kvar sine rom. I A-salen var det både underhaldning og mykje song av 25-års jubilantar, etter det vi kunne høyre.

Tilsette ved skulen laga i stand til festprogram i gymsalen ut på kvedden. Her var det både korsong og minikabaret.
 

Kjetil Lilleaas, tilsett men med permisjon frå Skaga, hadde kåseri. 25års jubilantane overraska med to korsongar. Dei hadde gjort grundig forarbeid, spelt inn stemmer på kassett på førehand og sendt rundt.
Ut på kvelden var det marsj og folkedans under leiing av Anna Lilleslett. Deretter var det dans etter Skaga sitt eige husorkester til ut i dei små timar.

 
25-års jubilantar, elevar og lærarar samla til jubileum på Skaga:
1. rekkje f.v. Trond Bakken, Svenn Oppegård, Anna Lilleslett,  Ellen I. Nyløkken , Tove Kjersti Kjølset, Marit Thoner, Connie Smith Løseth, Liv Sekse, Hilde Sofie Hamre, Marianne Korsvold.
2. rekkje f.v. Lars Gravdal, Gerd Wangstad, Guro Andersen, Steinar Hegstad, Inga Kolltvei, Gunn V. Røgeberg,
3. rekkje f.v. Ingrid Wollebæk, Astrid Solberg Hansen, Dag Augland, Hildegunn B Sæther, Ellen Grøthe Lund, Aslak Kramviken, Dag Sigurd Mæle.
4. rekkje f.v. Anne Grethe S. Okstad, Gry Eide, Elin Malones, Atle Killingmo, Unni U Stabekk, Nina S. Watvedt
5. rekkje f.v. Randi Mikaelsen, Trine Chr. Vestli, Svein Egil Lehre.
6. rekkje f.v. Tor Holten, Olav Langeland, Lise Bakken, Dag Wollebæk, Harald Stokstad, Truls Nedreaas.
7. rekkje f.v. Hanne Anderssen, Espen Wierli, Arne Opedal, Odd Magne Bakken, Cari Anne Fiskevold, Henning Nielsen, Maie (Anne Marie) H Moss.
 
Odd Arne Hadsel sov då bilete vart teke. I tillegg var lærar Ingebjørg Flaget med blant jubilantane.